Alle barn skal være trygge på trening og ikkje oppleve seksuell trakkasering eller overgrep. Våre trenarar har alle politiattest og har tatt trenerattesten, men vi må alle ta forhåndsreglar og hugse at ALLE har Avvergeplikt. Ser du noko, sei noko!

Om du har oppevd, er i tvil eller ynskjer meir info om temaet, reglar og varsling m.m. så finn du det ved å trykke på linkane under.

Retningslinjer

Temaside om seksuell trakkasering og overgrep

Varsling

Alle lag som skal igang med seriespel brukar no Spond som plattfrom for informasjon og koordinering.

Nye grupper blir oppretta av styret og treng du tilgang så ta kontakt via Facebookgruppa Haugen fotball årgang 2012 - 2017. Spond finn ein som App, men også på internett slik at du kan logge på den veien via mobil, nettbrett eller PC.

Felles info for alle og bilder frå cup og lignande blir delt på Haugen fotball årgang 2012-2020.

For barna frå 5-7 år vil info komme på Facebooksida: Haugen fotball årgang 2012 - 2020.

Haugen har også sitt eige seniorlag på herresida som spelar i 6. divisjon. Dei har si eiga Facebookside: Haugen fotball A-lag

Treningstidene er: 

A-lag    Søndag 19:30-21 Kay Rune Solheim, Magnus Gilleshammer og Øystein Haugland delar på trenar-ansvaret

A-lag   Torsdag 19-20:30 trenar dei inne på Stårheim fram til påske

 

Vi har i vinter hatt trening for alle aldersgrupper frå f. 2015 til 2012 ein gong i veka. Utetreningane på Klenkarvberget byrjar hovudsakleg etter påske når bana er klar. For dei som spelar serie, frå f. 2017 har vi Spond-grupper og info vil komme der. Info om treningane for dei yngste frå   f. 2020 kjem på facebooksida vår og du ser dei også i denne artikkelen.

Alle born frå f. 2020 er velkomne på trening. Treningsavgifta er per dags dato kroner 0, men det er ein medlemskontingent til idrettslaget på 100kr. Den som er medlem frå før treng naturligvis ikkje eit nytt medlemsskap.  Følg oss på Facebooksida vår: Haugen fotball årgang 2012 - 2020.

Treningstidene etter påske vil sjå slik ut:

Mix 5-6 Mandag 17:30-18:30 Trenar: Håvard med følge

Mix 7-8 Mandag 17:30-18:30 Trenarar: Signe og Martine

G9         Mandag 17-18:30 Trenarar: Ove Mikal og Thomas

J9        Mandag 17-18:30 Trenar: Ole Aleksander

G12      Mandag 19-20:30 Trenarar: Kay Rune og Stian

G12      Onsdag 18-19:30 Trenarar: Kay Rune og Stian

J12       Mandag 19-20:30 Trenar: Ole Aleksander

J12        Tirsdag 17-18 Trenar: Ole Aleksander

A-lag    Søndag 19-20:30 Kay Rune, Magnus og Øystein

A-lag   Torsdag 19.20:30 Kay Rune, Magnus og Øystein