Søndag 26. august kl 10:30 på Harpefossen

Under Brekka er eit mosjons-/landevegsløp i Nordfjordkarusellen som går delvis på den småkuperte grusvegen mot Brekka, og delvis på jamn stigande skogsbilveg i Tippaskogen. Merk at løpet er endra til ei rundløype med start på Tippabrua ved Harpefossen. Løpet startar med stigning på vegen til Nakkesetra, og vidare skogsbilvegen mot aust. Ca 3 km. Ved Sevlandsetra er det unna til vegen, og småkupert og unna langs vegen attende til Harpefossen og i mål på same staden som før. Løypelengda vert om lag som før.

Haugen Idrettslag utfordrar alle som kan gå eller springe til å delta denne siste søndagen i August. Det vert som vanleg klasse både med- og utan tidtaking.

Liste over 5, 10 og 20 gangars deltakarpremier. Under Brekka 2018 - Premiering

Påmelding
Ved Harpefossen frå kl. 10.30-12.00, eller til Asgeir Bakke tlf. 95759627

Startpengar
Klasser med tidtaking: 100 kr. Klasse utan tidtaking: 50 kr (familie 150 kr)
Betaling ved start eller til giro 3790 17 36589

Oppmøte
Varmestova på Harpefossen, der startnummer vert utdelte.

Start
Klasser med tidtaking startar kl. 13.00. Klasse utan tidtaking kan starte når påmeldinga er i orden.

Klasseinndeling
a) J/G 13-16år, K/M 17-29år, K/M 30-39år, K/M 40-49år, K/M 50-59år, K/M 60.69 år, K/M over 70 år
b) Klasse utan tidtaking

Premiering
Deltakarpremie - femårspremie , tiårspremie og tjueårspremie + vanleg premiering i klasser med tidtaking. Premieringa vil byggje vidare på deltaking på tidlegare løp over Brekka sjølv om løypa er lagt om. ….men forholda ligg til rette for ny løyperekord. Dessutan er HANDELSTANDEN i Eid forhåpentlegvis rause med gåvepremiar som vert trekte ut på startnummer.

Premieutdeling
Varmestova på Harpefossen