Basaren sist søndag 27. var vellukka. Dei frammøtte tok ivrig lodd og skapte god stemning. Det blei seldt lodd og mat for omlag 40 000 kr som vil kome godt med for laget.
Stipend frå Marit og Magne Dalseths minnefond
Nytt av året var utdeling av stipend frå Marit og Magne Dalseths minnefond. Stipenda blei delte ut av Egil Haugland, styremedlem i fondet.
Følgjande stipend blei gjevne
Ask Haughovd | 50.000 kr | |
Marthe Lund Bjørhovde | 50 000 kr | |
Trym Dalset Lødøen | 80 000 kr |
Vi gratulerar med vel fortente stipend.
Meir informasjon om minnefondet kan finnast i menyen over.
Frå venstre: Ronja Haughovd, Siri Lund, Øystein Lødøen og Egil Haugland
Søndag 27. oktober arrangerer idrettslaget basar i Vårtun. Det blir åresal, litt servering samt trekking av loddbøkene. Gruppene vil som normalt gå rundt i bygda med loddbøker og selje lodd. Nytt av året er utdeling av stipend frå Marit og Magne Dalseths minnefond. Les meir om dette fondet Minnefond (haugenil.no)
Hovudgevinstar
- 2 gåvekort på Amfi a kr 500,-
- Kolonialkorg
- Fenalår
- Halv spekeskinke
- Noko for born
- Dagskort på Harpefossen
Program
15:30 | Dørene opnast |
16:00 | Opning av basaren |
Åresal med trekking. 10 kr pr åre | |
Utdeling av stipend frå Marit og Magne Dalseths minnefond | |
Åresal med trekking | |
Sal av mat og drikke, skriving av loddbøker. 10 kr pr lodd | |
17:30 | Trekking av loddbøker |
18:00 | Slutt |
Klubbhuset kl 20
Andre gangs innkalling til årsmøtet 21.08.2024
Sakliste
- Setting av årsmøtet
- Endring av idrettslagets lov
- Val av nestleiar
Sak 1. Setting av årsmøtet
- Leiar helsa velkomen
- Godkjenning av innkalling og sakliste.
Ingen merknadar, godkjenning og sakliste blei godkjent. - Val av
- Møteleiar
Arild Opsal blei vald - Skrivar
Øyvind Haugland blei vald. - To til å skrive under møteboka
Siri Lund og Tor Andre Myrstad blei valde.
- Møteleiar
Sak 2. Endring av idrettslagets lov
Vedtak
Ny §16 punkt 14a
14. gjere følgjande val:
a) styre med leiar, nestleiar, fire styremedlemmar og eit varamedlem, alle for to år om gangen.
Sak 3. Val av nestleiar
Bakgrunn
Lova krev at idrettslaget har nestleiar, men årrmøtet hadde ingen kandidatar til vervet.
Vedtak
Årsmøtet gjev styret i idrettslaget fullmakt til å fullføre valet av nestleiar, inntil då vil sitjande nestleiar halde fram i vervet.
------------------------------------------------------------------
Side 1 av 22