Klenkarberget kl 20
Sakliste
- Setting av møtet
- Leiar ynskjer velkomen
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Godkjenning av dei røysteføre
- Val
- Årsmeldingar
- Rekneskap
- Budsjett
- Medlemskontingent og treningsavgift
- Rehabilitering av klubbhus
- E-sport
- Organisasjonsplan
- Val etter lovene
Sak 1 Setting av møtet
- Leiar helsar velkomen
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Godkjenning av dei røysteføre
- Val av
- Møteleiar
- Skrivar
- To til å skrive under møteboka
Sak 2. Årsmeldingar
Viser til årsmeldingane
Tilråding frå hovudstyret
Dei framlagde årsmeldingane gjev eit sant bilde av aktiviteten og vert godkjente.
Sak 3. Rekneskap
Viser til rekneskapet og rapport frå kontrollutvalet.
- Rekneskapet
- Balansen
- Rapport frå kontrollutvalet
Tilråding frå hovudstyret
Det framlagde rekneskapet vert godkjent og underskotet på kr 90 046,- skal dekkast av eigenkapitalen.
Sak 4. Budsjett
Viser til budsjetta
Tilråding frå hovudstyret
Dei framlagde budsjetta vert godkjente.
Sak 5. Medlemskontingent og treningsavgift
A: Medlemskontingent
Noverande satsar
For aktive/tillitsvalde under 18 år: | 100,- |
For aktive/tillitsvalde over 18 år: | 250,- |
For familie: | 450,- |
For støttemedlem: | 200,- |
Tilråding frå hovudstyret
Ingen endring av medlemskontingenten.
B. Treningsavgift
Tilråding frå hovudstyret
Hovudstyret får fullmakt til å godkjenne treningsavgiftene i gruppene.
Sak 6. Rehabilitering av klubbhus
Bakgrunn
Årsmøtet 27.04.2021 vedtok ein plan for rehabilitering av klubbhuset med ei kostnadsrame på 2.100.000 kr og med bruk av eigenkapital på 500.000 kr. Det blei levert ein søknad om spelemidlar som då blei godkjent og seinare fornya årlig. Nyleg kom det motsegn frå fylkeskommunen på søknaden og vi har frist til etter påske med å justere den.
Tilråding frå hovudstyret
Det skal utarbeidast ein justert søknad som etterkjem motsegna frå fylkeskommunen. Kostnadsrama kan overstige vedteken kostnadsrame, både totalt og bruk av eigenkapital.
Sak 7. E-sport
Bakgrunn
Hovudstyret har fått innspel frå nokre medlemmar gjeldande e-sport, e-sport er ein sport innan idrettsforbundet. Desse medlemmane ser helst at interessa for e-sport vert kartlagd før ei eventuell e-sport gruppe blir oppretta. Dette betyr at e-sport som aktivitet i idrettslaget vil i fyrste omgang bli lagt under hovudstyret med eit e-sport utval som fagleg ansvarlig. Oppretting av ei e-sport gruppe kan då bli aktuelt ved neste årsmøtet.
Sak 8. Organisasjonsplan
Tilråding frå hovudstyret
Eksisterande organisasjonsplanen er i samsvar med idrettslagets lov, idrettslagets organisering og særforbunda sin organisering og blir uendra.
Haugen idrettslag, organisasjonsplan
Planen er utforma på bakgrunn av idrettslagets lov og viser følgjande:
- Idrettslagets styre og faste utval.
- Gruppene til idrettslaget.
- Organisasjonar som idrettslaget har representantar til.
- Kva organ som vel/utnemnar dei ulike styra/utvala.
Haugen idrettslag har følgjande grupper
fotball, friidrett, ski, ski-langrenn og ski-alpint.
Utval og representantar som er knytt til eit styre blir utnemd av det styret.
Sak 9. Val etter lovene
Viser til innstillinga frå valnemda.