Stad: Klubbhuset i Hjalmavegen 26
Tid: Kl 20
Sakliste
- Setting av årsmøtet
- Endring av idrettslagets lov
- Val av nestleiar
Sak 1. Setting av årsmøtet
a. Leiar helsar velkomen
b. Godkjenning av innkalling og sakliste.
Bakgrunn
Styrevedtak frå 30.05.2024 der styret vedtok å kalle inn til ekstraordinært årsmøte 27.06.2024 kl 20 med dei saker som står i saklista.
Ingen merknadar til innkalling eller sakliste.
c. Godkjenning av dei røysteføre.
Fire røysteføre personar møtte, lova krev minst fem. Dermed var ikkje møtet vedtaktsdyktig og kunne ikkje handsame sakene. Møtet vedtok å avholde dette ekstraordinære årsmøtet for andre gang torsdag 29. august i klubbhuset kl 20.
Arild Lillebø Opsal
Leiar