Alle lag som skal igang med seriespel vil gå over til å bruke Spond som plattfrom for informasjon og koordinering.

Per no er det Haugen G12, G10 og J10 som har grupper. Nye grupper blir oppretta av styret og treng du tilgang så ta kontakt via Facebookgruppa Haugen fotball 2010-2018. Spond finn ein som App, men også på internett slik at du kan logge på den veien via mobil, nettbrett eller PC.

Felles info for alle og bilder frå cup og lignande blir delt på Haugen fotball 2010-2018.

For barna frå 5-9 år vil info komme på Facebooksida Haugen fotball 2010-2018.

Treningane for born som ikkje spelar serie byrjar etter påske i veke 16.

Alle born i frå f. 2018 er velkomne til dette lavterskeltilbodet. Treningsavgifta er per dags dato kroner 0, men det er ein medlemskontingent til idrettslaget. Den som er medlem frå før treng naturligvis ikkje eit nytt medlemsskap. Treningane vil foregå torsdagar 18-19 på Klenkarberget, med mindre anna info kjem på Facebooksida vår.

Treningstidene denne våren vil sjå slik ut:

Mix 5-6: torsdag 18-19 For jenter fødd i 2017 og 18 og gutar fødd i 2018. Trenar Hilde Katrine Engeli.

G7: tirsdag 17:30-18:30 Gutar fødd i 2017-2015 Trenar Ove Mikal haveland

J8: tirsdag 17:30-18:30 For jenter fødd 2016-2015. Trenar Ole Aleksander Hopland

G10: onsdag 18-19:30 For gutar fødd 2013-14. Trenar Kay Rune Solheim

J10: mandag 18-19:30 For jenter fødd 2014-2012 Trenar Ole Aleksander Hopland

G12: mandag 19 - 20:30 og onsdag 19 -20 (Onsdag avhenger litt av tidspunkt for friidrett) Trenar Ove Mikal Haveland