Styret i Marit og Magne Dalseths minnefond har i styremøte 23. september bestemt å utdele utdanningsstipend til 3 idrettsutøvarar med tilknyting til Haugen IL og Haugen krins. Dette er andre gong det vert delt ut stipend frå minnefondet som var oppretta i 2022, og totalt vart det delt ut kr 180.000,- i år.
Det største stipendet var i år på kr 80.000,- og vart gjeve til Trym Dalset Lødøen (22) frå Hjelmelandsdalen, som etter å ha fullført bachelorgrad i geologi og geofare ved Høgskulen Vestlandet i Sogndal våren 2024, no går videre med ei masterutdanning i ingeniørgeologi ved NTNU i Trondheim. Trym konkurrerer for Haugen IL og er på landslaget i randonee.
Beste resultatet til Trym førre sesong kom under EM i Flaine, og var ein 6.plass i U23 klassa under individuell øving. Han hadde også ein 9.plass i sprint i U23 under EM. Mot slutten av sesongen hadde ein sterk 18.plass i sprint blant seniorar. I NM fekk han eit sølv i disiplinen individuell.
Den andre stipendmottakaren er Marthe Lund Bjørhovde (24) frå Haugen, som studerer på 4. året til sivilingeniør i elkraft ved NTNU i Trondheim. Etter å ha satsa på fotball fram til 2021, har ho spelt futsal for NTNUI Futsal som vann seriegull i landets beste serie og tok cupsølv førre sesong. Ho var ein del av laget som representerte Noreg under student-EM, både i Spilt i 2023 og i Debrecen i 2024. I tillegg trenar ho fast med Noregs beste herrelag i futsal, som blant anna har delteke i Champions League nyleg. Ho har også fått speletid med NTNUI herrar, som vann cupgull tidlegare i år. I år vart det oppretta eit norsk kvinnelandslag i futsal, der ho har vore med frå starten. Ho starta kampen som var historias første kvinnelandskamp i futsal då Noreg møtte Belgia i mai, ein kamp som vart spelt framfor norsk publikumsrekord.
Ask Haughovd (22) frå Haugen er den tredje stipendmottakaren og representerer Stårheim IL skiskyting. Han satsar på skiskyting på Lillehammer der han er ein del av eit privatlag som heiter Team Intersport. Samtidig som han satsar for fullt på skiskyting (1000 timar trening i året), utdannar han seg som tømrar, og han er no godt over halvvegs i læretida som på grunn av satsinga er fordelt på 4 år. Målet denne sesongen er pallplasseringar i Norgescup og NM senior. Resultat førre sesong var 8. plass i NM rulleskiskyting, 15. plass NM fellesstart og 15. plass NM normal.
Marit og Magne Dalseths Minnefond er basert på det felles testamentet etter Marit og Magne Dalseth.
Magne, som døde 87 år gamal 28.11.2021, var ein sentral initiativtakar og styreleiar ved etablering av Harpefossen Skisenter i Hjelmelandsdalen i 1967. Magne var sentral i drift og leiing av skisenteret i over 30 år og var veldig oppteken av å leggje til rette for idrett og trivsel i bygda og kommunen. Og gjennom sitt felles testament frå 2005 med kona Marit som døde i 2012, så fortsett dei å bidra til at Haugen krins er ein attraktiv plass å bu og vekse opp, og at ungdommen vert motivert til å fortsette med idrett også når dei tek utdanning.
Marit og Magne Dalseths Minnefond har eit styre på 5 personar kor 2 av styrerepresentantane også er i styret for Haugen idrettslag. Studiestipend til idrettsungdom vert delt ut kvar haust under den tradisjonelle idrettsbasaren i Vårtun som i år vart arrangert søndag 27. oktober.
Haugen 31. oktober 2024, styret i Marit og Magne Dalseths minnefond
Egil Haugland, Tone Anette Espe, Øyvind Haugland, Marianne Kjørstad og Stein Bjørhovde
Foto av stipendmottakarar
Bilde 1: Trym
Bilde 2: Ask
Bilde 3: Marthe
Feiringa av lagets 125 års jubileum blei gjennomført på ein god måte med vergudar som spelte på lag. Eit 90 tals gjestar fekk servert tradisjonsmat og mottok helsingar frå Stad kommune ved Arild Vonheim og Vestland idrettskrets ved Nils R. Sandal. To av våre fremste utøverar og blant dei fremste i kretsen i sine disiplinar, Andrine Englund Mårstøl og Trym Dalset Lødøen mottok heder og økonomisk stønad frå laget. Ute på idrettsanlegget leika borna seg og hoppbakken til skikretsen var ein suksess.