Laurdag 3. juni 2023 blei endelig handballanlegget på Klenkarberget offisielt opna gjennom ei turnering i beachhandball.  Arrangøren, Eid IL handball, har laga eit arrangement som samla mykje ungdom til leik og moro med 12 timar samanhengande handballspeling.
Det har gått ei stund sidan anlegget blei ferdig, allereie i 2014 blei anlegget prosjektert og søknad om spelemidlar sendt. Utbygging av anlegget blei vedteke av årsmøtet i Haugen idrettslag 9. mars 2015 og i 2016 stod det klart. 

Det var ein stor dag for idrettslaget og som bilda syner var det eit flott arrangement der leik og moro for born og ungdom stod i fokus.

 IMG 20230603 100717.1000x750

IMG 20230603 100851.1000x750

 

IMG 20230603 100530.1000x750

Turneringsleiar med dommarar.

Laurdag 3. juni blir det turnering i sandhandball på Klenkarberget. Dette er det fyrste arrangementet på anlegget som består av to sandbaner godkjent til handball. Takka være handballgruppa i Eid IL og handballregionen kan det endelig bli offisiell opning av anlegget. Det er stor påmelding med kampar frå kl 09 til kl 21 utan opphald slik at opninga vil skje før turneringa startar, kl 8:30

 

Foto: Eid IL handball

Klenkarberget 15.05.2023 kl 18

  • Rydding
  • Fjerning av buskas
  • Reingjering av platting og rekkverk

Ta med greinsaks

 

Styret