Framlegg frå langrennsgruppa

Bakgrunn for saka:

Stårheim IL ønsker at lån på kr 200 000 frå Haugen IL til rulleskiløypa blir omgjort til tilskot. Stårheim IL har eigenfinansiering av rulleskiløypa med lån på ein knapp million når ein mottar momskompensasjonen for anlegget.

Vurderingar:

Stårheim IL har brukt mykje ressursar i opparbeiding av eit flott anlegg for skiskyting, langrenn og rulleski på Harpefossen. Anlegget er flott både på vinteren og sommaren. På sommaren er det viktig å ha trygge omgivelsar for trening på rulleski og unngå trening på trafikkerte vegar. På vinteren har anlegget ført til meir varierte treninger og at ein kan lage løyper med mindre snø. Haugen IL Langrenn er ivrige brukarar av anlegget og håper hovudstyret innfrir ønske frå Stårheim IL, og ser nytten av det fantastiske arbeidet Stårheim IL har gjort for langrenn og skiskyting på Harpefossen.

Vedlegg:

- Rekneskapssamandrag

- Kalkyle grunnarbeid

- Kalkyle toppdekke

- Bilde av rulleskiløypa

Mvh

Kay Rune Solheim

Leiar Haugen IL Langrenn