Trym Dalset Lødøen er ein av Haugen sine utøverar på nasjonalt nivå og er på landslaget i randonnee. Randonne som kort fortalt handlar om å gå raskast opp og ned på eit fjell, er ein ung skisport og har blitt OL øvelse frå 2026.

 20250416 205449.800x1000

Her ser vi Trym heime i stova i Hjelmelandsdalen der han slappar av etter ein lang sesong.

Sesongen starta i Frankrike med eit renn i Courchevel 14.-15. desember og blei avslutta med eit World Cup renn i Tromsø 13. april. Totalt har det vore 22 konkurransar og 75 reisedøgn.

Høgdepunktet var VM i Sveits i Morgins 2.-9. mars der Trym også hadde si beste oppleving i sesongen. Det var under lagkonkurransen med eit flott landsskap, strålande ver og lang konkurranse noko som gav ein oppleving av fjelltur.   

Avslutninga i Tromsø var og ei fin oppleving med fint ver, storslått natur og mykje fin snø i motsening til dei isete løypene som har dominert sesongen.

 

Randonne er krevjande for utstyret og det har gått med 3 par ski denne sesongen for Trym.

 

Når Trym ikkje går på ski studerar han geologi. Han har ei bachelor grad frå Høgskulen på Vestlandet og er i gang med mastergraden på NTNU i Trondheim.


 

Skigruppa deltek i den nasjonale ordninga med sal av brukt sportsutstyr i november, med vekt på ski og anna vintersportsutstyr. Innlevering av brukt utstyr fredag 22.11 og salg laurdag 23.11. 

Stad: Harpefossen skisenter, Slalomvegen 9, 6773 Nordfjordeid

Les meir Haugen IL ski - 20240919140331 - Byttehelgen

Andrine Englund Mårstøl køyrde inn til andreplass i dagens slalomrenn under alpin-NM i Trysil.
Vi gratulerer