Søndag 29.september inviterar Harpefossen skisenter i samarbeid med Haugen IL langrenn og Stårheim IL skiskyttargruppe til aktivitetsdag for born i alderen 6 til 12 år, frå kl. 1100 - 1300. Då kan du få prøve rulleski, skiskyting og frisbeegolf! Ta med skisko, stavar og sykkelhjelm, rulleski får du låne.
Chatlet sport tar med frisbeegolf så alle kan være med å prøvekjøre litt av den nye løpya på Harpefossen.
Møt på skiskyttarstadion for informasjon om aktivitetane som skiskyttargruppa, langrennsgruppa, alpingruppa og skisenteret har av tilbod som du kan vere med på denne vinteren . Kafeen på stadion vil vere open og du kan få kjøpt kakao kaffi og vafler . Velkomne til ein flott utedag på Harpefossen, og del gjerne dette med så mange du kan.