Sesongen 2024-2025 for Trym
Trym Dalset Lødøen er ein av Haugen sine utøverar på nasjonalt nivå og er på landslaget i randonnee. Randonne som kort fortalt handlar om å gå raskast opp og ned på eit fjell, er ein ung skisport og har blitt OL øvelse frå 2026.
![]() |
Her ser vi Trym heime i stova i Hjelmelandsdalen der han slappar av etter ein lang sesong. Sesongen starta i Frankrike med eit renn i Courchevel 14.-15. desember og blei avslutta med eit World Cup renn i Tromsø 13. april. Totalt har det vore 22 konkurransar og 75 reisedøgn. Høgdepunktet var VM i Sveits i Morgins 2.-9. mars der Trym også hadde si beste oppleving i sesongen. Det var under lagkonkurransen med eit flott landsskap, strålande ver og lang konkurranse noko som gav ein oppleving av fjelltur. Avslutninga i Tromsø var og ei fin oppleving med fint ver, storslått natur og mykje fin snø i motsening til dei isete løypene som har dominert sesongen.
Randonne er krevjande for utstyret og det har gått med 3 par ski denne sesongen for Trym.
Når Trym ikkje går på ski studerar han geologi. Han har ei bachelor grad frå Høgskulen på Vestlandet og er i gang med mastergraden på NTNU i Trondheim.
|
Terrengløp 8.04.2025
Tysdag 8. april blei det arrangert terrengløp i lysløypa på Harpefossen med start og mål på skiskyttarstadion. Terrengløpet var eit samarbeid mellom friidrettsgruppa og langrennsgruppa og markerte slutten på vintersesongen og starten på sommarsesongen.
Deltakarar, sortert etter påmelding
Årsmøte 20.03.2025 Sakliste
Klenkarberget kl 20
Sakliste
- Setting av møtet
- Leiar ynskjer velkomen
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Godkjenning av dei røysteføre
- Val
- Årsmeldingar
- Rekneskap
- Budsjett
- Medlemskontingent og treningsavgift
- Organisasjonsplan
- Val etter lovene
Side 2 av 46