Laurdag 3. juni 2023 blei endelig handballanlegget på Klenkarberget offisielt opna gjennom ei turnering i beachhandball. Arrangøren, Eid IL handball, har laga eit arrangement som samla mykje ungdom til leik og moro med 12 timar samanhengande handballspeling.
Det har gått ei stund sidan anlegget blei ferdig, allereie i 2014 blei anlegget prosjektert og søknad om spelemidlar sendt. Utbygging av anlegget blei vedteke av årsmøtet i Haugen idrettslag 9. mars 2015 og i 2016 stod det klart.
Det var ein stor dag for idrettslaget og som bilda syner var det eit flott arrangement der leik og moro for born og ungdom stod i fokus.
Turneringsleiar med dommarar.